Andre vaskemaskinar

Jærmuseet har eit lite utval vaskemaskinar i si samling. Her er både lokalproduserte og importerte maskinar. På Jæren var det fleire som produserte vaskemaskinar i kortare eller lengre periodar. Det var både etablerte bedrifter og enkeltpersonar, smedar og snekrar. Det var mogleg å kjøpa innmaten og så byggja sin eigen maskin.

Det var altså eit mangfald. Eit ynskje for denne bloggsida er å få bygd opp ein oversikt over vaskemaskinar produsert før 1960-70 talet, med hovedvekt på Jæren og vaskemaskinar som fannst på Jæren på den tida, men som var produsert andre stader.

Frå Jærmuseet sine samlingar:

JÆG2003.26JÆG2003.26.01JÆG2003.26.01JÆG2003.26.01

Dette er nok den første masseproduserte vaskemaskinen på Jæren. Brørne Jens og Kristoffer Hetland frå Ogna kom til Bryne i 1912. Dei var tømmermenn, laga dører og vindauge, og bygde hus. Allereie i 1913 konstruerte dei sin eigen vaskemaskin. Den kunne drivast med håndkraft; med spak som vippa att og fram eller den kunne koplast til motor. Den fekk namnet «Norge», vart patentert og i 1917 selde dei omlag 2000 eks. Tilsaman vart det produsert omlag 6000 maskinar av denne typen. Dei vart m.a. eksporterte til Amerika. (frå «Industrieventyret på Jæren» av Lars Gaute Jøssang) Denne maskinen har vore brukt på Ånestad, Varhaug og vart gitt til museet av Tor Magne Kvia.

JÆG2004.11.01JÆG2004.11.01JÆG2004.11.01JÆG2004.11.01

Denne vaskemaskinen er heimelaga av Gabriel Malundsen under krigen (1940-1945). Gabriel budde på Tjøtta (Bryne) der han dreiv eit småbruk med gris og høner. Han var tømmermann og reparerte løer, men jobba og på Serigstad fabrikk, Bryne. Vaskemaskinen var i bruk i mange år. Den stod i vaskekjellaren. Der varma dei vatnet i ein kjele – brunngryta og helte oppi.

JÆG2003.25.01JÆG2003.25.01JÆG2003.25.01JÆG2003.25.01

Denne har tilhøyrt Leiv Larsen , Nærbø

PA210071PA210073PA210072PA210074

Alle desse tre vaskemaskinane verka etter same prinsipp. Dei har same «propell» eller «hoover-rotor», men kassen er laga på ulike måtar. Den øverste har elektrisk motor. Dei andre to har hjul som kan kopla dei med snor eller reim til motor. Maskinen stod ofte i brunnhuset slik at dei kunne bruka mjølkemaskinmotoren.

Maskinar i privat eige

Den siste av desse tre er til forveksling lik den som farmor mi (Ingeborg Nærland f. Salte i 1908)  hadde, og som står i kjellaren endå. Sonen Gabriel f. 1936 hugsar at han vart sendt til Ånestad, Varhaug for å henta den. Men han hugsar ikkje meir kor og hjå kven.

Farmor sin vaskemaskinFarmor sin vaskemaskinFarmor sin vaskemaskin

Det er nemnt fleire som laga vaskemaskinar her i området. Mellom anna på Varhaug der smeden Tobias Tjemsland selde smia si til Per Hellvik. Der arbeidde Ole Mellemstrand i 1943 – 1948. Då laga dei vaskemaskiner. Det vart forklart at det var «firkanta kasse med hoover-rotor». Det stemmer godt med dei nederste.

Sven Skjæveland og morbror hans; Torvald Vagle som arbeidde hjå Bryne Mek. laga kvar sin vaskemaskin i verkstaden der i 1950 åra. Det var ein firkanta kasse med liten el. motor. Den stod i uthuset.

Snekker Ole Grødeland laga vaskemaskiner, først på Nærbø, seinare på Varhaug?

Det er sagt at Govert Vigre, Nærbø, som og var snekker, laga vaskemaskinar.

På Bryne var det ein smed som heitte Skjæveland som laga vaskemaskin av typen: «tønne i stativ». Og ein snekker Helland?

Og det er nemnt møbelprodusent på Ganddal?

Er det nokon som veit meir om dette? Me er veldig glade for innspel!


Teikning vaskemaskin

Den første vaskemaskinen til Jorunn Skjærpe f. Friestad 1936 var heimelaga. Den laga mannen Åsbjørn f.1931, då han gjekk på Hurdal Folkehøgskule, på slutten av 1940-talet.
Ho gifta seg i 1955 og flytta inn på loftet hjå svigerforeldra i Nærbø sentrum (Hå). Dei hadde vaskemaskinen i kjellaren.
Det er ei stund sidan den vart kassert, men vert skildra som ei tretønne av god kvalitet. Den hang i eit stativ av jern. Den hadde elektrisk motor som stod på ei plate i eine hjørne av stativet. Reimane gjekk så til ein svart kasse med tannhjul inni, der vart farten «gira ned» før reimane gjekk vidare til akslingen. Når den vaska så «rulla» den rundt og rundt.
Luka var i eine enden og vart skrudd fast med ein bolt som gjekk gjennom.

Jonas Skjærpe var lærar på denne folkehøgskulen. Han var grandonkel til Åsbjørn. Denne vaskemaskinen var «hans oppfinning» vert det sagt.

————————————————————————————————-

Desse første vaskemaskinane fekk ikkje lang levetid. Etterkvart kom til dømes Eltoen som hadde varmeelement. Det var stort framskritt. Då slapp dei å varma vatn og tøma bøtter med kokande vatn i maskinen. Dei kunne og koka kleda rett i vaskemaskinen.

EltoEltoElto brosjyre

————————————————————————————————

«Oldemor på Torland», Anna Gausland f. Torland i 1884,  hadde «Vaskebjørn» i brunnhuset på 1950 – 1960 talet. Den hadde rulle til å klemma ut vatnet med.

————————————————————————————————-
Gjertrud Kvadsheim f. Friestad i 1935  fekk sin første vaskemaskin i 1955. Den heitte «Babybjørn». Den stod på kjøkkenet. Til dagleg var den skuva godt inn i ei krå for ikkje å stå i veien. Når den skulle brukast drog ho den bort til vasken for å ha tilgang på vatn og sluk.

————————————————————————————————-

Fabrikkerte maskiner i Jærmuseet si samling:

JÆG1992.06.43JÆG1992.06.43JÆG1992.06.43JÆG1992.06.43

Dette er ein amerikansk type «Mautag». Denne kom til Høyland Bygdemuseum frå Tasta, Stavanger.

JÆG2003.01.97JÆG2003.01.97JÆG2003.01.97JÆG2003.01.97

Tilslutt ein AEG maskin med rulle. Og de kan sjølv lesa kva reklamen sa om denne maskinen:


Til toppen


No Responses Yet to “Andre vaskemaskinar”

  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: