Ein blogg om vaskemaskinar og klesvask

 «8-vaskaren»

Trygve Kverneland f. 1905 produserte ca. 200 slike maskiner i perioden 1950 til 1952. Denne bloggen vil  fortelja ulike historiar som på ein eller annan måte er knytta til vaskemaskinen.

Foto: Peder Netland

Her finn du sider om:

  • Denne spesielle vaskemaskinen.
  • Andre av dei første vaskemaskinane.
  • Trygve Kverneland (1905 – 1984) som produserte 8-vaskaren og om utviklinga til bedrifta tks.
  • Klesvask og husmora sitt arbeid.
  • Såpe

Dette er ikkje ei ferdigskriven nettutstilling. Men eg håper at dette vert ein blogg som utviklar seg og veks seg fyldigare etter kvart.

Det kan vera ein god start å høyra kva Herborg og Tønnes Kverneland fortel om 8 – vaskaren. Tønnes f. 1933 er son til Trygve, og overtok bedrifta etter faren. Han er gift med Herborg f. Nordsletten.

Eg håper at nokon finn dette interessant og at det kan gjera det mogleg å få tak i fleire historiar.

Altså å inspirera nokon til å fortelja sine historiar

Dei kan vera store eller små – sjølvopplevd eller noko du har høyrt fortald.
Det kan handla om ein gjenstand eller eit foto.
Det kan vera gamle minner… Eller kort sagt alt som på ein eller annan måte er knytt til emnet.
Har du noko du vil bidra med så kan du fortelja det her som ein kommentar på bloggen, eller ta kontakt med meg på mail, telefon eller post. Sjå kontaktinfo!

————————————————————————————————————————————-

8-vaskaren er laga av tre og har elektrisk motor. Sjølve vaskebehaldaren er ei oval tretønne, med luke oppå. Den heng i ein treramme eller stativ. Når maskinen ikkje er i bruk kan ein lukka ned eit hengsla lok og det vert som eit bord. Ein av Jærmuseet sine maskinar står til vanleg plassert i kjellaren. Med voksduk over fungerer den som bakstebord. Det var vanleg før at vasking og baking føregjekk i same rom, men på ulike dagar.

Namnet ”8-vaskaren” fekk den på grunn av bevegelsen vatnet gjorde i den ovale tønna. Det gjekk som om det teikna eit liggjande åtte-tal eller teiknet for uendeleg. Dette vart rekna som ein skånsom vaskemetode. Betre enn andre modellar med trepinnar eller skovlar som bevega seg i tøyet.

Her er ein liten film som syner korleis vaskemaskinen bevegar seg. Det er Odd Kjetil, vaktmester på Vitengarden Jærmuseet, som er med på testen:

I ein annonse heitte det: ”Spar deg selv og tøyet for unødig slit ved å kjøpe 8-vaskaren. Vasker alle slags tøy, fra gardiner til ullklær, uten minste slitasje eller tøving.”

Reklame 8-vaskaren

Foto: Peder Netland

Her er Trygve med den nye vaskemaskinen sin:

Det eksisterer ikkje noko liste over kven som kjøpte desse maskinane. Men me kan rekna med at dei fleste havna i nærleiken. Då eg besøkte dagavdelinga på Bryneheimen fredag 13. nov. 2009 så hadde to av tolv damer hatt akkurat denne typen vaskemaskin i sin heim.

————————————————————————————————

Den eine 8-vaskaren i Jærmuseet sine samlingar kjem  frå Kjell Undheim, Time.

Han fortel at faren, Trygve Undheim, arbeidde hjå Trygve Kverneland og dei hadde ein slik vaskemaskin i hans heim på Netland, rett ved fabrikken. Denne var i vanleg bruk til innpå 1960-talet. Den stod i kjellaren, der Trygve hadde murt opp kokeplass til å vaskegryta.

Motoren til vaskemaskinen vart og brukt til å kverna kokte poteter til baking av eplekake (potetkaker) og flatbrød, og til å kverna fiskefarse av sik, som dei fiska i Frøylandsvatnet. Dei flytta bare reimane over på kverna. Trygve hadde laga eit hjul på kverna der sveiven står vanlegvis.

Mora, Mildrid Undheim, bur fortsatt her og gryta står inntakt i kjellaren. Ho hadde og hedla til baking og spesiallaga panne til å  steika fiskekakene på her.

Netland

Ved veggen til venstre for denne stod vaskemaskinen. Her vart vaska klede kvar mandag. Sundag kveld vart kleda lagt i bløyt. Dei kvite la ho rett i gryta med Blenda på. Der gjorde ho og klar «kveikje» og ved, slik at det var heilt klar til å tenna opp tidleg mandags morgon. Dei andre kleda sorterte ho i stampar.

Etter at «dei kvite» var kokte så gjekk dei i 8-vaskaren eller «voggå» som ho kalla den. Og så vart resten vaska etter tur i denne. Dei skitne arbeidskleda måtte i tillegg ha ein tur med grønsåpe på vaskebrett og med skrubb. Når mannen hadde stått i «rust-tromlå» på jobb så greidde ikkje vaskemaskinen å få kleda reine.

Men Mildrid poengtere at til ullklede så var denne maskinen kjempegod!

Kjell hugsar frå då han var liten at dei lurde seg til å ta av loket på vaskemaskinen, setja seg oppi behaldaren og skruva på. Då vart dei sjørøvarar som vogga i bølgene ute på det store hav.

 

I 1990-1991 vaska Kjell mopper for eit diskotek. Då brukte han 8-vaskaren til jobben. Den var perfekt, fordi moppane ofte var fulle av glasbitar og det hadde ikkje fungert lenge i ein moderne maskin… Han utbetra den med påmontert slange slik at det vart lettare å fylla på varmt vatn til både vask og skyljing.

Dette var kanskje den siste perioden ein 8-vaskar gjorde nytte for seg?

Det var ikkje bare å starte med nye produksjonar. Her var mange formalitetar som måtte vera iorden. Blant anna måtte prisdirektoratet uttala seg:

  

Og Norges Elektriske Materiellkontroll:

 

I 2003 var det 8-vaskaren som pryda julekorta frå tks:

 

Fleire filmar:

  såpekoking

vaskepulverreklame

Til toppen


1 Responses to “Ein blogg om vaskemaskinar og klesvask”

  1. 1 livholm

    Ble mektig imponert i dag over hvordan du har brukt blog-platformen som hjemmesider! Frister til «kopiering»!


Kommenter innlegget